Velkommen til Strandebarm Sportell

Strandebarm Sportell er veleigna for ulike typar kurs, trening for ulike idrettsgreiner og til overnatting generelt. Sportellet er også ideelt for familiar og enkeltpersonar som ønskjer ei rimeleg overnatting.

Sportellet er sentralt plassert i Strandebarm ved Hardangerfjorden, 2-3 mil frå Norheimsund. Sportellet ligg like ved Strandebarm idrettspark der tilhøva er svært gode for å driva med mange ulike idrettar.

Her har ein tilgang til:

  •  Friidrettsanlegg med 6/8 løpebanar
  • Fotball på naturgras
  • Fotball på kunstgras utan ifyll av gummikuler
  • Sandvolleyball på to ulike banar
  • Innandørs skytebane
  • 25 m symjebasseng
  • Ny idrettshall på 44m x 24 for ballidrettar
  • Sjøsport frå ny båthamn


Sportellet er også eit svært gunstig utgangspunkt for fjellturar, sykkelturar, båtturar, fisking, bading i Hardangerfjorden, eller berre det å nyta den fantastiske naturen i Hardanger. I tillegg er det kort avstand til sommarskisenteret på Folgefonna i Jondal kommune. Sportellet er også gunstig plassert i høve til skiskyttarsenteret i Hålandsdalen i Fusa kommune. Her er det også ei ny asfaltert rulleskiløype.